Fieh (nedjustert)

Fieh er eit prosjekt som består av frontfigur Sofie “Fieh” Tollefsbøl frå den litle tettstaden Eina på Austlandet og eit lite koppel dyktige musikarar, som saman produserer og leverer ein sympatisk og rytmesterk (det vil seie dansbar) miks av soul, r&b, jazz, hiphop og moglegvis bittelitt funk.

Kjøp billett her!

Som ein av landets mest lovande artistar har Fieh klart å skapa noko heilt eige. Klassisk, sjelfullt, men òg nytt.

[Artikkelen fortset under videoen.]

Allereie hausten 2014 blei låta ”My My My” kåra til Ukas Urørt på NRK P3, mens Fiehs første offisielle utgjeving har latt vente på seg. Først i fjor haust blei debutsingelen «Glu» sleppt på den kommersielle marknaden, men han er til gjengjeld så spekka med groovy rytmar og popcatchy hooks at sjølvaste Elton John nyleg tok han til sitt bryst og hylla han i sitt radioprogram.

Debutalbumet er venta å bli gjeve ut innan kort tid. Det er all grunn til å tru at det vil bli tatt godt i mot av både heltar og ranglarar.