Korleis best skildra det hektiske og fengslande musikalske lappeteppet Fangst? Med unge medlemmar frå allereie legendariske band som Death By Unga Bunga og tidlegare medlemmar frå Honningbarna og Hvitmalt Gjerde, i tillegg til ein jazzflyktning frå Manhattan, strålar kvartetten ut destruktiv sjarm, bøtter med bergensk nonchalanse og ei “ta ingen fangar»-haldning. Resultatet er gripande norskpråkleg lyrikk og svært rockete rock, sporadisk farleg og tidvis søt. Rett og slett vakker rock på norsk.