Trass det nedstrippa og enkle lydbildet har Egil Olsen bygd seg opp eit rykte som ein strålande liveartist med ein sjeldan energi og publikumskontakt.

Visesongaren og låtskrivaren seier sjølv at han lagar låtar om det harde livet som wannabe superstar og singer/songwriter. Her kan du venta deg enkle, men varme, vakre og finurlege viser.

Før han opna Øyafestivalen i fjor hadde Ørstaværingen mellom anna følgande å melda til NRK:

Vi er overlesset med folk som vil være stjerner, og jeg har en ironisk distanse. Jeg klarer ikke annet enn å gjøre litt narr av popstjernelivet og tuller ganske mye på konsert mellom låtene.

Egil Olsen var tidlegare frontfigur i bandet Uncle’s Institution. Sidan har han turnert med eigen, lett indierock, lenge som oppvarmingsmusikar for Marit Larsen. Han har blitt samanlikna med Eels og St. Thomas. No er han ute med sitt fjerde studioalbum, Ooo What Happened, som kom ut tidlegare i vår.

Egil Olsen på Facebook