Egge er ein soloartist frå Bergen som lagar skranglete rock med engelskspråklege tekstar. Musikken hans er prangande, men samstundes original og engasjerande. Han debuterte i 2019 med kultklassikaren Egge Stadium, som fekk terningkast seks av  Bergens Tidende. Som følge av albumsleppet, blei Egge våren 2019 plukka ut til å varma opp for bergensbandet Kakkmaddafakka på deira omfattande Europaturné. Suksessturnéen blei gjenteken året etter, med besøk i mellom anna Berlin, København, Bratislava og Warzsawa før pandemien brøyt ut og avlyste resten av moroa. 

I september kjem Egge med sitt etterlengtande tredjealbum Destinys Child, og det er ikkje umogleg du får høyra smakebitar under Ranglerock. Tidlegare har Egge i stor grad opptredd åleine på scena, men denne gongen tek han med seg sine beste musikar-kompisar for å skapa ei forrykande liveoppleving og presentera ein “next level Egge experience”.