Duvel svever over indiejungelen anno 2021 med brekte ribbein i munnvikane og tilsynelatande null respekt for alt der nede. Etter at Oslo-bandet tok steget ut av Blitz-kjellaren i 2018, fekk det raskt rykte på seg for direkte og intense liveframføringar, eller som råkkfolk.no skriv: “de fremstår som ganske kjipe i fremtoning og holdning”. Då bandet i 2018 sleppte debutalbumet Attempts at speech, blei det med ein gong sensurert av alle leiande strøymeplattformar grunna nakenskap på omslaget.