Det er uhorveleg gildt med band som går opp nye spor og utfordrar grensene i musikken. Særleg når resultatet blir det Doffs Poi har tilført musikkverda.

Det har førebels blitt med EP-en bandet gav ut i 2012, men her er det både hjarteskjerande mørke, finurlege vriar og umåteleg vakre tonar. Kort oppsummert med den kledelege karakteristikken happy-jazz-hardcore. Debutalbumet skal etter planen kome ut i nær framtid.

Frå deira eige presseskriv: “Doffs Poi is an energetic explosion of sounds, that remind you of a five year old kid on a serious sugar rush. What they serve is an aggressive happy mix of all your best dreams and worst nightmares.”

Doffs Poi har blitt samanlikna med band som Deerhoof, Wildbirds & Peacedrums, Animal Alpha og Kobert, og har sidan oppstarten i 2008 opptredd under fleire av dei største jazzfestivalane i Skandinavia, Match&Fuse festival i London, og ein komande Match&Fuse turné i Frankrike til hausten.

Doffs Poi slepp to singlar i løpet av hausten, album kjem vinter/vår 2016.

facebook.com/doffspoi