2017-04-23, Death By Unga Bunga (foto - Ingrid Pop)
Bandet som gjesta Ranglerock tilbake i 2010 kjem endeleg tilbake til Bryne. Inspirert av band som 13th Floor Elevators, The Sonics og The Mummies spelar bandet frå Moss garasjerock miksa med psykedelia og punk, av dei sjølv karakterisert som psykedelisk punk. Death by Unga Bunga imponerer med stilsikkerheit og lojalitet for sjangaren. Kjent for sin råskap og energi er dei upåklagelege live. Med fleire USA-turnear i ryggen er dei meir enn nokon gong klare for å ta Ranglerockscena med storm.

Albumet Pinapple Pizza, som vart utgjeven i 2016, blei kalla tøff, underhaldande og kompromisslaus. Same år gav dei ut EP-en Fight, som er spekka med råe riff, slåande gitarsoloar og melodiar til å synge med på. Fight er ein hyllest til kampen om kvalitetsmusikk. Dermed er Death by Unga Bunga eit band du sjølvsagt ikkje vil gå glipp av.