daniela-pressebilder-zervos_0117-med (nedjustert)

Daniela Reyes kombinerer det uskuldige med det mektige i hennar ærlege og akustiske komposisjonar. Ved bruk av loopstasjon skapar Daniela eit breitt lydlandskap som nærmast trollbind publikum.

Med ein meisterleg veksling mellom trekkspel, gitar, fotbass og hennar eineståande stemme dannar ho eit barnleg, men tankefullt univers.

[Artikkelen fortset under videoen.]

Daniela har allereie rokke å få mykje merksemd på grunn av hennar sjarmerande framsyningar. På tross av hennar unge alder har Daniela delt scene med ei rekke store namn, mellom andre Donkeyboy, Isac Elliot og Sondre Justad. I tillegg har Danielas unike stemme allereie imponert tilskodarar på Hvalstrandsfestivalen, UKM Landsfestivalen, OverOslo og Miniøya.

Det er ei glede for Ranglerock å få dela denne perla av eit talent med Ranglerock-publikummet i sommar.