Ranglerock blir arrangert for nittande gong helga 10. og 11. juli. Og for ei helg dét let til å bli på Bryne i sommar. Til Ranglerock og Bryne mølle kjem nemleg ingen ringare enn den kanadiske multiinstrumentalisten Daniel Romano.

Den framleis forholdsvis unge kanadiaren Daniel Romano kan så langt sjå tilbake på ei sjeldan produktiv karierre. Då han kom ut med sitt førebels siste album “Finally Free” i slutten av 2018, var det hans ellevte musikalske utgjeving sidan debuten i 2009. Og det er ikkje noko å seia på kvaliteten. Nettavisa iTromsø kalte sjettealbumet “Mosey” (2016) musikalsk maxi-yatzy og ga det likegodt seksar på terningen. Journalist Egon Holstad i same avis kåra albumet til årets beste i 2016 og til tiårets nest beste like før nyttår. 

Live er Daniel Romano som skapt for Ranglerock, då konsertane hans ofte er kjenneteikna av rikelege mengder tempo, energi og speleglede. I 2017 fekk kristiansandarar kanskje årets tøffaste rock’n roll-konsert av denne sjangarsprikande og særs interessante artisten.


FÅ BILLETTAR!


I dette første sleppet av artistar og band til årets festival annonserer me samstundes følgande knippe spanande og dyktige liveartistar frå både innland og utland:

Bergensartisten Egge kjem til Ranglerock med sin særs fengande soveromsrock. Musikken hans er skranglete og prangande samstundes som den er original og engasjerande. Egge debuterte med eit brak som soloartist våren 2019 med «Egge Stadium», som fekk terningkast seks i Bergens Tidende med følgande grunngjeving: «Egge fremstår som fullstendig original i en verden hvor selv den alternative rocken i større og større grad kjennes strømlinjeformet og kalkulert». Rett etter debutalbumet reiste Egge på Europa-turné saman med Kakkmaddafakka.


Den britiske produsenten, DJ-en og ordkunstnaren EB kjem til Bryne for å framføra dei lyriske tekstane sine på sjarmerande Oxford-dialekt. Musikalsk sett slektar EB til Kate Tempest og The Streets. Ein spanande artist det er verdt å få med seg live.


Det indiske unikumet av ein syngar-songskrivar-poet Ditty er ein annan artist det verkeleg er gode grunnar til å oppleva i Bryne mølle denne helga. Debutalbumet hennar frå 2019 “Poetry Ceylon” har blitt kalla ikkje mindre enn årets album av India Today.


Dansk/tyrkiske Tuhaf vil garantert spela opp til både god stemning og dansbare rytmar med sin anatoliske psych-rock. Bandet er inspirert av den tyrkiske anadolu-rocken frå 60- og 70-talet, som er ei blanding av tyrkisk folk og europeisk rock, framført av namn som mellom andre Led Zeppelin, The Rolling Stones og The Beatles. Tekstane går på både dansk og tyrkisk, og musikken gjev assosiasjonar til band som Gaye Su Akyol og Altin Gün. 


Til sist, men absolutt ikkje minst, presenterer Ranglerock i denne omgang dei lovande og kompromisslause ska-pønkarane i Oslo-kvartetten Hudkreft. Det finst fleire superlativ som er verdt å nemne om desse, men dei kan like gjerne oppsummerast i følgande oppmoding: FÅ DET MED DEG!


FÅ BILLETTAR!