Carl-Louis-Space_0036 photo by Olav Stubberud (1080x720)

Grunna ei ulukke måtte Carl Louis melda avbod til fjorårets festival, men nå håpar me tida endeleg er komen for feit, organisk elektronika på Ranglerock.

Pulserande synthbølger, analoge trommer og trollbindande vokalmelodiar er med på å forma det spanande og ukonvensjonelle elektroniske uttrykket til Carl Louis.

“Come With Me” leker seg med hell med et lydbilde som ble presentert av Röyksopp for over halvannet tiår siden. En elegant hyllest – bevisst eller ei.

– NRK P3 om låta Come with me av Carl Louis ft. Frøder

Her er det snakk om forhaldsvis roleg, men taktfull, luftig og ekstremt dansbar elektronika i grenselandet mellom undergrunnen og det kommersielle. I løpet av våren kom albumet Memory Lane til gode kritikkar og listing på NRK P3.

Me gler oss til å få servert ein smakfull dose elektronika til festklare ranglarar på Bryne!