Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock

Me følgjer opp fjorårssuksessen og ørkenrockarane i Tamikrest med eit nytt musikalsk innslag frå Sahara.

Denne gong er me særs stolte av å kunngjera at den verdskjende musikaren Bombino kjem til Ranglerock. Omara “Bombino” Moctar er opprinneleg frå Tidene i Niger, men har dei siste åra vore busett i Agadez.

I 2007 flykta han til Burkina Faso etter at to av musikarane i bandet hans vart drepne. Dette som følgje av myndigheitenes reaksjonar på Tuareg-opprøret som starta i heimlandet same år. Bombinos musikk vart etter kvart oppdaga av filmskaparen Ron Wyman, som bestemte seg for å inkludera musikaren i ein dokumentarfilm Wyman laga om Tuaregane. I 2009 blei han med Wyman til USA for å spela inn hans første internasjonale album, Agadez.

Etter utgjevinga av det første albumet i 2011 og ein lengre turné, som båe hausta merksemd og strålande kritikkar over heile verda, kom Bombino ut med andrealbumet Nomad i 2013. Denne gong med Dan Auerbach i The Black Keys som produsent. Nomad gjekk rett inn på førsteplass både på Billboard World Music album chart og iTunes World Chart. Bombino har tidlegare varma opp for mellom andre Robert Plant og Gogol Bordello.