Det beste livebandet i Skandinavia? Bob Hund er klar for å overbevisa deg om nettopp det på Ranglerock laurdag 1. juli. Ikkje nok med det.  Carl Louis, garasjepønkarane i Blomst og lokale Johnny Red and the Prayerhouse People er også klar til sommarens høgdepunkt på Bryne.

Sikra deg billett no!

Bob Hund har med vokalist Thomas Öberg i spissen imponert publikum med sin enorme energi og sitt særeigne låtunivers i over 25 år. Det seks mann sterke rockebandet har alltid vore ekstremt kreative og originale i sin tilnærming til musikk, og til kva eit rockeband er og kan vera. Dei siste seks åra har bandet vist at det er eitt av Skandinavias mest unike, nytenkande og kreative band. Fjorårets album “Dødliga Klassiker”  fekk strålande omtalar i heile Skandinavia. Nyleg slapp bandet ein duett med Noregs eigen Silja Sol.

I tillegg er no også eitt av namna til fjorårets Ranglerock, Carl Louis, som på grunn av ei ulukke måtte melda avbod den gong, klar for å pirra danseføtene til Bryne-publikummet med sitt bevegande lydlandskap.

Garasjepønkarane i Blomst er klare for å gje ranglepublikummet eit forrykande liveshow, og den lokale americana- og folkrock-artisten John Gravdal (også kjent som Johnny Red) tek med seg The Prayerhouse People for å gje ly til forkomne sjeler.

Tidlegare i veka sleppte me det særskilt scenevante garasjerockbandet Death By Unga Bunga og det neo-psykedeliske bandet Rancho Relaxo.

Den danske jazz-pop-trioen IRAH, den Oslobaserte bluesrock-trioen Orango, folkemusikarane i «power trioen» Erlend Viken Trio og dei lokale rockemusikarane i Frynsete på nervene og Vrakfeber blei offentleggjort i februar. Kun eitt namn gjenstår før kveldsprogrammet er komplett.

Ranglerock vert arrangert på Bryne 30.juni til 1. juli. For tredje år på rad vil øllageret til Vaaland 1889 fungera som festivalområde under Ranglerock.

KJØP BILLETT HER!