image001

 

bob hund har haldt koken i 25 år og blese publikum av konsertgolvet med sin enorme energi og sitt særeigne låtunivers. Oppskrifta er popteft, punkinnstilling og ein poetisk slagkraftig frontfigur i frontfigur Thomas Öberg.  Nå kjem dei endeleg til Bryne og Ranglerock for første gong.

bob hund er utan tvil eit av dei desidert beste livebanda i Skandinavia. Dei siste seks åra har bandet også vist at det er eitt av dei mest nytenkande og kreative banda. Dei har lukkast i å gjenoppfinna seg sjølv og undersøka kva eit rockeband kan vera. Fjorårets album “Dödliga Klassiker”  fekk strålande mottaking av både anmeldarar og fans. Nyleg slapp bandet ein duett med norske Silja Sol.

Ta på Zorro-maskene og gled dykk til ein ranglekonsert utan sidestykke!