2017-04-28 Blomst (Mille Frømyhr) - 58kB

Ikkje la deg lura av namnet. Bandet, som sidan oppstarten i 2010 har skaffa seg ein stor og solid fanskare, levert episke konsertar, varma opp for Motorpsycho og Kaizers Orchestra, valt ut blant hundrevis av søkande band til å spela på Urørt-scena på både Slottsfjell og Pstereo, fått strålande omtalar for utgjevne singlar og den sjølvtitulerte albumdebuten i 2015 frå både norske og utanlandske kritikarar, lista på P3 og kåra til Ukas Urørt, leverer garasjepønk av ypparste klasse. Faktisk så høg klasse at det får folk til å påstå at det er eitt av Noregs mest lovande liveband og jamvel det beste som har hendt nordisk pønk sidan Ebba Grön. Det er med andre ord berre å få av t-skjortene og på med danseskoa når Blomst står klar på Ranglerock-scena 1. juli. Det vil bli sveitt.