Er det eit slektskap mellom den kalde nordavinden på Jæren og den kjølige drøymepopen til Bendik? 

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock!

Med musikk karakterisert som elektronisk drøymepop kan Bendik ved første augekast sjåast på som eit slags musikalsk villskot under årets Ranglerock. Det fortel nok meir om festivalen enn om Bendik. Musikken er nemleg av det mykje interessante slaget. Dette er dystre stemningar og sorgfulle melodiar, alt med den sarte og ubeskriveleg vakre songstemma til frontfigur Silje Halstensen i sentrum.

Etter deltakinga i Urørtfinalen 2012 har Bendik og Halstensen lagt seg ut i venstrefila og fossa fram som eit av dei mest lovande norske banda dei siste åra. Dei har spelt på både Roskilde og by:larm og er også klar for hovudscena på Øya-festivalen i Oslo.

Det sagnomsuste livebandet makter nå å overføre enda mer av liveuttrykket over i studioformat. Det er bare å komme seg på konsert når den tid kommer. (Musikknyheter.no)

Debutalbumet Drømmen gjør meg ingenting vart av P3-redaksjonen kåra til eit av årets beste norske album i 2012. Oppfølgjaralbumet No går det over stod ikkje tilbake for debuten. Det fekk skamros frå både publikum og kritikarar, og har blitt omtala som eit av fjorårets betre album.

Nyleg vart singelen Knust glass sleppt, med rapparen Arif som bidragsytar, høyr singelen her:

facebook.com/bendikofficial

Klikk her for å kjøpa billett til årets Ranglerock!