BabyInVain2017-mindre (nedjustert)

Trass bandmedlemmanes relativt låge alder – dei er alle tre i byrjinga av tjueåra – har Lola Hammerich, Andrea Thuesen Joahansen og Benedicte Pierleoni i Baby In Vain rokke å spela på seg eit rykte blant rockfans og musikkfans generelt som til og med erfarne førtitoåringar berre kan drøyme om og sjå langt etter.

Etter utgjevinga av debutalbumet “More Nothing” på seinsommaren i fjor er Baby In Vain no nominert til den danske GAFFA-prisen 2018 i kategoriane “Årets Danske Band”, “Årets Danske Udgivelse” og “Årets Danske Rockudgivelse”. Albumet blei til med hjelp av ingen ringare enn Rob Ellis, som kanskje er mest kjent for sitt årelange samarbeid med PJ Harvey.

Trommis Benedicte seier følgande om albumet i eit intervju publisert på heimesidene deira: “When they hear the album, I want people to feel that they are being punched in their gut by rock music[…] I want to make their days better. I want it to be life-changing for young people.”

[Artikkelen fortset under videoen.]

Med kun to gitarar og eit trommesett har dei tre sidan 2013 imponert med pønkenergisk og rifftung rock på eit utal scener, frå Roskilde Festival i Danmark via Desertfest i Berlin til Rockefeller i Oslo og Los Angeles i sambandsstatane.

Ranglerocks utsende speidarar kan skriva under på at Baby In Vain er både tungt, mørkt og rått. Med andre ord musikk som skulle passa godt til tungsinnet mang ein jærbu går og dreg på. Kanskje minus og minus blir pluss på Ranglerock.