Oslobaserte Alwanzatar er eit éinmanns musikalsk prosjekt, som skapar utanomjordisk verdsmusikk, med fløyte, sverjingar, synthesizerar og elektronikk. Kjenn litt på den setninga.

Alwanzatar gjev deg lyden av fortidas framtidsvisjonar, med analoge synthesizere, tverrfløyte og trommemaskinar. Musikken er inspirert av åttitals acid house, gamal dub, tysk elektronisk musikk fra syttitalet og italiensk lågbudsjetts skrekkfilmmusikk. Dette er toner frå eit framand univers, musikk for dansande satyrar i romhjelm, lydsporet til det rituelle romprogrammet.