Geoff Berner

frank vena

Ranglerock er spesielt glad for at den kanadiske folkartisten og trekkspelaren har bestemt seg for å vitje årets festival, og vonar han tek med seg forteljargleda, dei kompromisslause og ofte politiske kommentarane, humoren, alvoret og sitt etter kvart så fyldige repertoar av klezmerlåtar når han kjem til Bryne Mølle i sommar.

 

Geoff Berner har brukt mange av sine år i Noreg, og spelt ein bråte konsertar både hist og her. Han blei kjend for mange då han varma opp for Kaizers Orchestra under deira Maestro-turné nokre år tilbake, og bidrog seinast i fjor med låta Light Enough To Travel på albumet Real Ones & The Extended Family.

Wunderkammer

Checkpoint

Det har blitt kalla Noregs beste liveband, og var truleg ei uunngåeleg inspirasjonskjelde for Kaizers Orchestra tidleg i deira karriere. Haugesundsbandet vart danna av musikaren og filmskaparen Pål Jackman på 90-talet, og spela den gong musikk i sjangrane sigøynar- og balkanmusikk, rock, klezmer og jazz.

 

Deira siste album kom ut i 2002, men nytt album er venta i år og det vert nok like temperamentsfylt. Dei er klare til å ta opp tråden og gje Ranglerock-publikummet ynda felespel, varme rytmar og det som høyrer med når dei tek turen til Bryne i juli. Me er klare til å knipse med fingrane, lette på hælane og bli svette i pannen.

Hedvig Mollestad Trio

maanefestivalen.no

 

Ingen Ranglerock utan skikkeleg ranglerocka jazz! Og med fuzzpedalen på full guffe og kontrabass på plass passar denne trioen perfekt. Du vil bli dregen etter håret med på halsbrekkande riff og svimlande rytmar, ned i mørke, basstunge dalar og opp i skyene. Du vil anten få veldig vondt i hovudet eller ståpels over heile skrotten.

 

“this bunch, whose debut – instrumental, apart from a few muffled shouts – carves a riff-ridged canyon through a landscape stalked by the ghosts of Jimi Hendrix, Sabbath and Goblin, balancing monolithic density with flights of cool, modal jazz. (UNCUT)

 

https://soundcloud.com/hedvigmollestadtrio