Programmet er komplett

Britiske Wolf People og svenske Svenska Kaputt er dei to siste tilskota på årets plakat. Programmet for årets ranglehelg/psykedeliske progjazzhelg er dermed komplett.

Wolf People frå London kokar i hop en tradisjonell britisk rett frå 70-talet, beståande av like delar folk à la Fairport Convention og heavy à la Sabbath. Dette er psykedelisk progrock med fuzztunge riff og nydelege gitarlinjer blanda saumlaust med harmonisk vokal og stadige overraskande vendingar. Gjennombrotet deira kom med Steeple i 2010, som fekk denne karakteristikken av musikknyheter.no ”Albumet kom sent, men står definitivt som et av årets beste. En debut med klassiker-potensial!”. No er det knytta store forventingar til årets album Fain, som vert gjeve ut av det kredible selskapet Jagjaguwar som og har m.a. Bon Iver, Black Mountain og Foxygen i stallen. Dei har vorte eit ettertrakta liveband og har spelt på kjende festivalar som Primavera Sound og Roadburn.

 

Svenska Kaputt
Svenska Kaputt er både bastant gyngande rock og lyrisk syngande jazz. Sjølv kallar dei musikken sin psykedelisk. Slik vert det gjerne når ein har med Reine Fiske på gitar. Han er, saman med bandets trommis, Johan Holmegård, ein viktig del av svenske band som Dungen og The Amazing, og det siste året har han og bidrege på norske plater med Motorpsycho og Elephant9. Andre halvdel av kvartetten er kontrabassist Torbjörn Zetterberg og saksofonist Jonas Kullhammar. Dei er svært aktive på den svenske jazzscena, der Kullhammar og driv plateselskapet Moserobie. Han har og spelt mykje i Norge, på plater med m.a. Paul Nilsen Love og Per Zanussi. Bandets sjølvtitulerte debut hausta gode kritikkar frå inn og utland. Noko av særpreget her er korleis kollektivet står over dei individuelle prestasjonane. Som ein anmeldar seier ” Var och en har högst njutbara solon, men de lämnar aldrig kvartetten.” Me gler oss noko uhorveleg.