Rangleprogrammet 2013 slept.To dagar gallant ranglerock.

For fem år sidan heldt dei amerikanske indieyndlingane Two Gallants ein magisk konsert i Bryne Mølle. 12.juli i år kjem dei tilbake for meir. Dei får følge av Kaizersven og trekkspeltraktør Geoff Berner frå Canada, eit revitalisert Wunderkammer samt fleire lovande nasjonale og lokale artistar.

I år tillet kommunen 280 gjester i Bryne Mølle. Ranglerockfansen bør derfor ikkje nøla med å sikra seg billett til nok en sommar med rock, rangling og farse.

Her er dei ti første artistane som vert å finna i Bryne mølle 12-13.juli. Sjangermessig spenner det frå klezmer til rock av typane surf, balkan, jazz, boogie, blues og prog.

 

Two Gallants

twogallants_webDå det viste seg at Two Gallants nok ein gong var interesserte i å forlata San Francisco for å koma tilbake til vår vesle festival, hadde me bare ei bekymring. Kor lurt er det å booke dei på ny når dei alt har gitt oss ein konsert som har gått inn i lokalmytologien, som ikkje kan toppas? Sist gong dei var her i 2008 bergtok dei tilhøyrarane med ein konsert som inneheld både deira vare balladar og det trøkket som får alle til å undre seg over at det bare står to menn på scenen. Etter å ha tenkt over det eit halvt minutt så slo me sjølvsagt til og byrja for alvor å gleda oss til sommaren. Bandet har trass alt bygd karrieren si på å levera legendariske konsertar. Sidan sist har duoen beståande av Adam Stephens og Tyson Vogel gitt ut kvar sine soloplater før dei samla seg om deira fjerde LP, fjorårets The Bloom and The Blight. Der tek dei trøkket og gitarøset sitt til nye høgdar, og viser verkeleg at dei er like inspirert av grunge og punkrock som førkrigsblues. Two Gallants kjem til å spele på fredagen, og det finst ingen unnskyldning for ikkje å vere der då.

 

Geoff Berner

frank vena

Ranglerock er spesielt glad for at den kanadiske folkartisten og trekkspelaren har bestemt seg for å vitje årets festival, og vonar han tek med seg forteljargleda, dei kompromisslause og ofte politiske kommentarane, humoren, alvoret og sitt etter kvart så fyldige repertoar av klezmerlåtar når han kjem til Bryne Mølle i sommar.

 

Geoff Berner har brukt mange av sine år i Noreg, og spelt ein bråte konsertar både hist og her. Han blei kjend for mange då han varma opp for Kaizers Orchestra under deira Maestro-turné nokre år tilbake, og bidrog seinast i fjor med låta Light Enough To Travel på albumet Real Ones & The Extended Family.